Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

SølvsmedeNE i numedal

 

Og med som så mykje anna; det som var så alment og kjent som sølvsmedverksemnda vart det aldri gjort noko stort nummer av. Og vi skreiv ikkje historia om dei, før no (Even Tråen).

 

Even Tråen formidler:

Som så mykje anna av Numedals historie er sølvsmedkunsten mest gløymd. Men det viser seg at det har vore ei rekkje sølvsmedar i heile dalen, men likevel flest i Veggli. I eit avisnotat frå 1870 åra står dette: «Man klager over at der er så lite penger her i bygden (Veggli), men det er ikke så merkelig da det finnes en mengde sølvarbeidere her i bygden som straks de får en søvlmynt i hende går til smien og smier det om til smykker». Det står vidare at desse smykkene vert kalla Vegglidsølv og at garantien er god, det skal vera «Ægte sølv»!

 

Det har gått store spekulasjonar om at desse numedalssølvsmedane arbeidde med tjuvesølv frå gruvene på Kongsberg. Det er fortald om Gudbrand Sevatsson Refsrud og Gullek Sjurdsson Neset frå Flesberg som i 1776 vart dømt for sølvtjuveri ifrå sølvgruvene i Svene. Desse to tjuvane selde sølvet vidare til Knut Rud og Sjurd Gravningsbrekke som smelta det og smidde spenner og søljer av det. Eirik Olsson Tuterud (1796-1865) frå Flesberg og nokon med han bar ei natt tunge skreppur med tjuvesølv frå Kongsberg oppover dalen. Ved Foss i Svene vart han og dei han gjekk saman med vitne til eit mord. Dei Erik gjekk saman med ville hjelpe offeret, men Erik torde ikkje anna enn å gå vidare med sølvet sitt. Han vart huka ved eit seinare høve!

 

Sølvsmedane i Numedal laga for det meste draktsølv som knappar, halsknappar, skospenner, knivstell, knespenner, beltespenner, søljer og brurekroner. Det finst ei mengd i privat eige og Lågdalsmuseet, Drammen Museum og Nordiska museet i Stockholm har ei mengd gjenstandar frå sølvsmedane i Numedal. Så tjuvesølv vart omsatt og bruka både i numedalsbygdene og i byar som Drammen. Det største problemet med det er er at ingen torde å signere arbeidene sine. I laugstida kunne ingen drive med sølvsmedarbeid utan å ha løyve, difor har vi så få tidlege namn. Men gjørtlararbeid var lovleg så det er grunn til å tru at dei som var sølvsmedar utan løyve kalla seg gjørtlar for å ha sitt på det tørre.

 

I Nore levde Nils Olsson Bråflot (1799-1866) Han vart dømt for ulovleg sølvarbeid og fekk 3 spesiedaler i bot. Men Bråfloten hadde ein læregut frå Flå i Hallingdal, Levor Stavn. Han vart seinare kjent som ein flink sølvsmed. Det at Broåflot hadde ein i lære borgar for kvalitet på arbeidet.

 

Brudekrone

Brudekrone fra Numedal

Foto: Even Tråen

 

I Veggli var det som sagt ei rekkje sølvsmedar like til omkring år 1900. Kittil Steinarsson Glaim (1819-1891) var den mest kjende i si tid. Han stempla arbeidene sine ofte med fleire ulike stempel. KSG – KG- K. Glaim og KSG 1860 13 1/4. Etter han er det også ei flott brurekrone.

 

Sølv-Tølløv, Tølløv Ingemundsson Kittilsland (1802-1832) var vidkjent for sølvarbeidet sitt, noko som også skulle bli hans bane. På veg heimatt frå Branesmarken overnatta han i Eggedal. Der var og Ole Olsson Sevle. Om morgonen på heimveg låg Sevlin og venta på Sølv-Tølløv og slo han i hjel. Sølvvarene stjal han.

 

Ein av dei siste i Veggli var Ingebret Landerud (1836-1926) Han stempla I.B PRØVE. Han var velkjent i bygda og akta som handtverkar. Ein gong kom ei kjering til han med ein kaffekjel ho ville ha reparert. «Han renn i tuten», sa ho. «Men er det ikkje der han skal renne da», svara Ingebret.

 

Frå Flesberg kjenner vi Gullik Gulliksson Grønbu (1766-1852) Gullik hamra ut spiseskeiir i sølv og laga sølvstaup. I Flesberg finn vi og Hans Hansson Lande (1758-1826). Hans Hansson er mest kjent som rosemålar, men var også sølvsmed.

 

Niri Larsson Prestmoen (1785-182) i Rollag vart rekna som filigransmeisteren framfor nokon. Han er av dei fyrste som nytta filigransteknikken seiest det.
Han var soneson til Tråenlensmannen og høyrde til dei velståande i bygda. Han har laga ei kåpespenne til kona si som vert rekna som eit praktstykke av eit sølvsmedarbeid. Niri var også modellør i det han laga modellar til å støype både skjurtespenner, skospenner og anna.

 

Etter 1839 var det lettare for sølvsmedane på bygdene. Da vart nemleg laugsordninga for sølvsmedane endeleg oppheva. Likevel kom det ein nedgangsperiode mot slutten av 1800 talet. Ei ny tid var i emning. Smykker vart masseproduserte og dei gamle klesskikkane gjekk ut. Dermed gjekk botnen ut av marknaden for sølvsmedane. Og med som så mykje anna; det som var så alment og kjent som sølvsmedverksemnda vart det aldri gjort noko stort nummer av. Og vi skreiv ikkje historia om dei, før no.

 

Dette rike sølvsmedmiljøet vert naturleg og flott vidareført gjennom Gro Kollandsrud og Anita Eriksen, begge i Nore og Eli Bjørge i Rollag.