Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

SKISMURNING

 

Ja, da lukta det tjyru i alle Lidgardan, fortel Helga Hov. Ho voks opp i Sør Lid i dei tider Kittil i Me Lid (1888-1963) koka skismurning (Even Tråen).

 

Alle i heile bygda visste om at Kittil koka skismurning. I dag er det mest berre vage minner. Men ein del hugsar produksjonen til Kittil, slike som til dømes Helga Hov.

 

For eit par veker sidan skreiv eg om skistavproduksjonen i Bekkevold/Bergan. Eg knytte det til skiinteressa og skikunnskapen numedølane hadde før i tida.

 

Eg knytte det vidare til Knut K. Bjørndalen som etablerte sportsforretning i Markveien i Oslo på 1920-talet. Knut voks opp i Bjørndalen i eit botnsolid handtverksmiljø, faren og onklane var ljåsmedar, snikkarar og anna. Broren Nils som overtok Bjørndalen dreiv denne verksemnda vidare, alt ved sida av gardsdrifta. Så broren Kittil, han kom til Me Lid og dreiv garden der saman med syster si Ragnhild. Knut i Markveien visste kva slektningane frå Rollag var gode for og fekk dei altså til å produsere skistavar, men og til å produsere skismurning. Det kom til å bli ein næringsveg for Kittil.

 

Skivoksen Trysilvoks og klisteret Trysilklister vart hans produkt. Denne vart koka etter oppskrifter som Knut skaffa frå Oslo. I eit brev frå desember 1937 finn vi eit eksempel på ei oppskrift:


«Sender herved oppskrift på Ny tør sne.
7,700 kg Parafin
2,450 kg Bivoks (begge sorter likedan)
5,250 kg Harpiks
0,300 kg Jordbek
4,200 kg Eksolje
Kladdesne har vi ikke fåt prøvet endnu, men du skulle koke en kokning efter opskriften fra i fjor, men med 0,300 kg mere Vaselinolje.
Kram våt sne får du også koke en kokning efter opskriften fra i fjor med + 1/2 kg tjære.
Du får først koke kladdesne og våt sne da jeg er lens for disse.
Beste helsing Kn. K.»

 

Kittil hadde eit lite eldhus på garden der han dreiv kokinga si. Her dreiv han for seg sjøl heile dagane. Lina Strysse Dahl var tenestejente i Melid da ho var blottende ung. Ho fortel nettopp om det at Kittil dreiv verksemnda nokså intenst i vintermånadene. Han hadde embalasjen til voksen ståande i pappøskjer med plass til 12. Voksen vart helt i flytande og fekk stå og hardne.

 

I dag blir det snakka om puddersnø, og vi har vel meint at det er eit moderne uttrykk for laus snø. Men på ein av boksane på bildet ser ein det står: «For grovkornet puddersne». Klisteret vart lagra både i tuber og på boks. Det er tydleg at Knut i Oslo hadde ein større marknad for skismurninga frå Rollag. Bruksområdet er på fem språk. Engelsk, tysk, finsk, fransk og sjølsagt på norsk.

 

På nettsidene til Digitalt skiarkiv, «Spor i snø» finst ein artikkel om skismurning. Der står det om Trysilvoksen: «I programmet for Trysilfemtien i 1939 reklameres det for Trysilvoks. Den ble ikke laget i Trysil, men den lokale sportshandelen hadde den både engros og i standardboks. Trysilvoks kom på markedet i 1938 . Det ble også produsert et klister Trysilklister i samme serien.» Til dette er å seia er at Kittil koka voks før 1938 og at det vel er typisk oss å ikkje gjera historia vår kjent!

 

Det finst enda smurning frå Me Lid rundt om i Rollag, den er det verd å ta vare på. Det finst vidare ski frå ulike skimakarar og attpåtil skistavar. Så dette får bli ei oppfordring til Rollag Bygdetun, få tak i det som er att av denne spesielle historia så ettertida kan sjå kva dei gjorde næring av før i tida (Even Tråen).