Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

ski- og skistavproduksjon

 

Nils S. Bergan i Rollag dreiv med skistavproduksjon fram til 1946. Da kom det andre krav, andre materialar og meir spesialisering. Men ein produksjon på 10 557 par skistavar er imponerande. (Even Tråen).

 

Skiproduksjon i Numedal

Skihistoria er gamal, vi har laga ski til eige bruk i meir enn tusen år. Skiene var framkomstmiddlet vårt på snø. Vi tok med kunnskapen om å laga ski og å bruke dei til Amerika. Det er fortalt om Hellek Gladheim (1816-1902) som laga seg ski straks han kom der over. Og amerikanarane som såg spora i snøen skjøna ingenting av det. Dei fekk tak i ein naturvitskapsmann frå byen i nærleiken. Han konkluderte med at i Amerikas djupe skogar fanst eit ukjent vesen. Det var greit, men korleis dette vesen tok seg fram om sommaren kunne dei ikkje finne ut av! Er vi fyrst inne på skibruken i Amerika så må vi nemne Snøsko Tompson, postmannen som gjekk på ski over fjella i Sierra Nevada. Han voks opp i Tinn med slekt frå Veggli.

 

Ski hadde alle og mange laga skiene sine sjøl. Andre gjorde det til ei attåtnæring. Og Ola Fjøse og Ola Hanseplassen er to av dei eg veit om som laga ski for andre. Somme skimakarar gjekk lenger og sende skia sine til bedømming i konkurransar. Ein av dei var Hellek Gulleksson Koppangen frå Svene. I 1879 fekk han tredje premien for sitt skipar på ei utstilling i Kristiania. Ingen fekk fyrste premie det året. Men i 1880 sende han inn eit skipar til laga av furu og etter teikning frå Axel Huitfeldt. Da fekk han fyrste premie. I Aftenposten sto det i 1870 åra eit referat frå ei skiutstilling, også i Kristiania. Der sto det at ski frå Numedal og Hadeland utmerka seg positivt og skilde seg ut frå dei andre.

 

På Ulrikshov i Rollag voks det opp fleire brør som alle var svært dyktige på ski. Eldstemann Ola var så kunnig at han ville prøve å gjera skiene betre enn dei han hadde hatt. Og i gamlestugo på Ulrikshov, som no står på Laagdalsmuseet, starta brødrene Hoff skifabrikken sin. Ola vart sjuk med eit nokså stort handicap, så det vart Sigurd som i kompaniskap med brørne Torstein og Torleif samt Asle Lindås starta produksjon for fullt. Par etter par fann vegen ut av gamlestugo på Ulrikshov. Sigurd var av landets beste skiløyparar i si tid og han visste å forme til skia og til å få dei ut i ein marknad.

 

Over hustaka på Hov kom overføringslina frå Nore I og innover til byane til å gå. Men dei som heldt til under kraftlinene kunne ikkje få av elektrisiteten. Så det vart for tungvint å drive heime på Hov. Dermed etablerte dei seg på Kongsberg fyrst i 1930 åra, som Kongsberg skifabrikk. Staben voks og med det renomè Kongsberg hadde i den tida gjekk drifta godt.

 

«Alle» her i bygdene hadde Kongsbergski, eller også Hanniballski som også var eitt av merka dei hadde.
Etter 1970 kom dei nye glasfiberskia og den overgangen vart for stor og tung til at drifta kunne fortsetja. Så Kongsbergskia som så mange hadde hatt glede av vart etterkvart historie (Even Tråen).

 

Skistavfabrikk i Rollag

Dette er ei lita historie om ei nesten ukjent verksemd i Bergangrenda i Rollag for ein 70, 80 år sidan. Det er vinter no, til og med OL-vinter og i desse tider kan det vera grunn til å sjå på lokal skihistorie.

 

Interessa for skiløyping var stor i heile dalen. Alle hadde ski og alle bruka dei. Det var sjølsagt heilt nødvendig. Jegarar og skogsarbeidarar måtte bruke ski for å koma seg fram i snøen. Etterkvart vart det idrett av det og mange hadde ein draum om å bli anerkjent skiløypar. Denne store interessa for ski førte med seg mykje. Skifabrikken på Ulrikshov og seinare på Kongsberg er kjent, mindre kjent er altså skistavproduksjonen i Rollag.

 

Nils S. Bergan (1899-1984) i Bekkevold har lete etter seg eit skriv som beskriv denne produksjonen svært godt. Det var vanleg for folk som dreiv med noko å bruke «alnakka» til å notere i. Det gjorde også Nils Bergan og i dette skrivet har han sitert almanakka si på denne måten:


Om skistavproduksjon, oppført i lommeamanakken for 1928. 1 262 par Oppført i bok nr 5 fra 1929 til 1937: 6 604 par. Oppført i bok nr 6 fra 1937 til 20/2 1946  2 691. Til sammen 10 557 par. Løse ferdige trinser i alt 1 249 par fra 0,90 opp til 1,10. Prisene på staver var i lang tid fremover omtrent slik: Barnestaver varierte fra 0,90 mesteparten 1,10 de sidste opptil 1,40. Damestaver varierte fra 1,45-1,60 mesteparten 1,45 de sidste opp til 2,10. Herrestaver varierte fra 2,10, 2,20, 2,50, 3,20. Men disse var på slutten og ingen store antal. Til disse arbeider leide jeg en hel del ekstrahjelp, som fikk maten om dagen som betaltes kr 1 per dag. På de aller siste årene blev kravene til staverne større, og en meget liten del av salget blev kalt raserstaver og gik oppover i pris og endte i 12,50 pr. par.

 

Dette dreiv altså Nils S. Bergan med fram til 1946. Da kom det andre krav, andre materialar og meir spesialisering. Men ein produksjon på 10 557 par skistavar er imponerande.

 

Eg tok med meg to par skistavar og viste sonen til Nils, Sigurd f. 1924. Han bur no på Vegglitunet. – Ja, seier Sigurd, det der ser ut som støvøn til far. Han ser på dei med øvd blikk. Og så fortel han at han sjøl var med på å spikre trinsene saman. Han fortel vidare at han med hesten kjørte store buntar med stavar ned på Rollag stasjon.

 

Mottakarar var Sunsehaugen på Kongsberg, men mest vart levert til Bardalen i Drammen. Det eine paret Sigurd fekk sjå er av bambus, det andre er av gran. Under krigen vart det vanskeleg å få tak i bambus, så da vart det bruka gran til stavverkje. – E hugsar me va su i Ulrikshoveiga og høgg smågrån, smiler Sigurd.
Krestaffer på Hov var med og tok ut hardgråne før kann, fortel han. Grana vart høvla med høvel og pussa til ei fin form. Sigurd minnes at faren skar ut læret til trinser og fatlar sjøl. Han minnes vidare at Anton Henriksen og Knut Søre Skuggerud var med i produksjonen heime på garden.

 

Grannen til Nils i Bergan, Knut Bjørndalen (1895-1975) flutte til Oslo og etablerte sportsforretning, «Bjørndalen sport». Han var flink Knut og såg muligheter i ein uoppdaga marknad. Folk hadde til no mykje godt laga skiutstyret sitt sjøl, også stavar. Utover på 1900-talet vart det vidare vanleg å bruke to stavar. Dette meinte Knut å kunne utnytte ved hjelp av sine sambygdingar. Han planta ideen og det førte altså til ein omfattande skistavproduksjon i heimegrenda hans, Bergangrenda. Fleire starta produksjon og sende til Knut i Oslo, mellom dei var broren og smeden Nils som var att i Bjørndalen.

 

Gamle Narve Lid har i eit notat skrivi at han laga skistavtrinslur i eldhuset.

 

Så dette var ganske omfattande og nokså ukjent i dag (Even Tråen).