Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

middelalderbygninger

 

Numedal har nær 50 bevarte middelalderbygninger, dvs. bygd før 1537 (reformasjonen). Langloftet er en særpreget type middelalderbygning. Det er i dag bevart tre slike bygninger i Norge, alle tre i Nore i Numedal.

 

Even Tråen formidler:

Numedal er kalla middelalderdalen. Det har bakgrunn i den store samlinga hus frå middelalderen, det vil si hus frå før 1537. I alt er det vel om lag 50 hus i den alderskategorien, eit overraskande tal i og med at dei stort sette er å finne i dei to kommunane Rollag og Nore og Uvdal. Flesberg har fire hus som er datert eldre enn 1537, og det er omlag 18 i Rollag, resten er i Nore og Uvdal.

 

Desse 50 husa er alt frå vedskjol til stugubygningar, men det er nok flest stabbur. Og svært mange stabbur har middelalderlaft i fyrste høgda og 1700 tals stil i andre høgda. Det har ei heilt klar forklaring. Svært mange hus sto til forfall i hundreåra etter Svartedauden, landet låg nede. Numedal var ikkje noko unntak, men på grunn av at vi byrja tene gode pengar på Sølvverket på Kongsberg fekk vi tidlegare enn andre råd til å vøle dei husa som sto til nedfalls. Og med den pietetskjensla vi hadde for det forfedrene hadde bygd opp, bygde vi på i staden for å rive.

 

Den mest spektakulære hussamlinga finn ein på Kravik i Nore. Her er to langloft som i dag står på kvar sin gard, men som det finst dokumentasjon på har stått i same tun på noverande Mellom Kravik.

 

Det eine langloftet har eingong vore forbunde med stugo på garden. Denne stugo er med rette kalla hall av Johan Meyer. Frå denne hallen til loftet gjekk ein drumbegang mellom husa. Oppe på veggen på hallen er det ei lita dør med fine beiskier som markerar utgangen til drombegangen. Så når det var selskap i hallen gjekk folk drumbegangen over til loftet for å sova. Her må ha vore stor rikdom. Men kva ga dei rikdomen i middelalderen om det ikkje var jerutvinninga?

 

Det står eit langloft på Sevle også, men det er yngre - likevel innanfor omgrepet middelalderhus.