Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

Laftehistorie

 

Kronologien på lafte-hogginga på tømmerbygningene i Numedal følger stilskiftene i den europeiske kunsthistoria!

 

Numedal har kronologi på lafte-hogginga, frå det eldste laftet, som er kalla finndalslaft til 1800-talslaft.

 

Ordet finndalslaft kjem av gammalnorsk fyrndarlaft, der fyrnd betyr alder. Det vil si at finndalslaftet er det eldste laftet. Hilmar Stigum som granska husmassa i Numedal (og i landet for øvrig) møtte ordet hjå eldre numedølar da han var her i 1930-40 åra. Dei visste at dette var det eldste laftet og hadde ord på det. Ordet er overført som term for resten av landet. Finndalslaft er såleis middelalderlaftet framfor noko. Det er ikkje funne finndalslaft laga etter Svartedauden.

 

Men det finst andre middelalderlaft som er bruka både før og etter, eitt av dei er Raulandslaftet. Det er bruka på husa på Søre Rauland i Uvdal. Så dalen har forsynt forskninga med to lafte-omgrep frå middelalderen.

 

Så får vi eit rennessanse-laft som er i bruk fram til 1650. Det vert erstatta med barokk-laftet som blir bruka fram til ca. 1750, det er det sokalla sekskantlaftet. Og etter det får vi rokokko-laftet, som vert avløst av 1800-talslaftet.

 

Som vi ser følgjer dette den europeiske kunsthistoria, og er ganske spesielt.

 

Draapeform Renessanse

Dråpeformet laft - middelalder

Renessanselaft

   
Sekskant Skraalaft

Sekskantlaft - barokk

Skrålaft - rokokko

   
1800 talet  

 1800-talslaft

 

 

Tekst og foto: Even Tråen

 

Les mer: Lafteverk (Wikipedia)