Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

Dekorasjonsmaling og treskurd i folkekunsten

 

Dei største stilskaparane, Iver Øvstrud, Tore Kravik, Kittil Haukjem og Sebjørn Kverndalen var tidleg i sine utøvande år sterkt inspirert av laugskunsten slik dei møtte denne på Kongsberg og i stavkyrkjene. Men fordi dei var frie frå laugets konvensjonar og pålegg kunne dei boltre seg fritt og eksperimentere seg fram til sine eigne heilt personlege uttrykk (Even Tråen).

 

Even Tråen formidler:

Det er sagt av fleire at folkekunsten i Numedal ikkje har eit eige uttrykk, det vil seia eit uttrykk eller form ein kan kjenne att og kalle det Numedalskunst. Her har vore mange andre frå Telemark og Hallingdal og sett sine spor. Kjende namn som Sveinung Svalastog, Ola Hansson, Hans Glittenberg og Thomas Lurås frå Telemark, Truge Gunhildsgard, Lars Trageton og Torstein Sand frå Hallingdal har vore her og sett sine spor på skap, kister og bollar. Men desse kom ikkje til å setja varige spor og med det påverke stilutviklinga i Numedal. Grunnen til det er helst at numedalsmålarane hadde funne sin stil da desse framandkarane kom til dalen frå 1820 av. Kittil Haukjem er det beste dømet på det.

 

Spørsmålet ein da må stille er, kor fekk numedølane impulsane frå når det ikkje var frå dei gjestande kunstnarane?

 

Dei fem stavkyrkjene i dalen med sine utsmykningar, både av treskurd og måling må truleg ha vore inspirasjon. Det ser vi mellom andre hjå Iver Gundersen Øvstrud (1711-1775) frå Rollag som skar bibelske motiv etter mønster både frå altertavla i Rollag kyrkje, men og frå bildebiblar. Det mest karakteristiske motivet til Øvstrud i så måte er «hovudenglane» på altertavla i Rollag. Desse har han sjøl skore kopiar av og sett saman på same måte, i mange av verka sine.

 

Den «norske løva» er eit ynda motiv i treskjæringa frå Rollag og oppover. Likedan er kongekroner og speilmonogram mykje bruka. Det er nærliggjande å tenkje på kontakten med Kongsberg. Kontakten med bergstaden var stor og numedølen hadde mykje å takke Christian IV for. Da sølverket på Kongsberg vart etablert byrja numedalsbonden tene pengar. På Kongsberg møtte våre talentfulle folkekunstnarar laugshandtverket. Halvor Kravik f 1747 frå Nore gjekk i lære hjå snikkarmeister Neumann på Kongsberg. Neumann som var med på å bygge Kongsberg kirke. Sønene til Halvor, Herbrand og Nils vart dyktige og stilskapande kunstnarar.

 

Kontakten med Kongsberg vert understreka av det arbeidet «Kongsbergmaleren» gjorde i dalen. Ei mengd arbeid kan førast tilbake til den profesjonelle Kongsbergmaleren. Blomsterbarokken var denne ukjende målaren sitt uttrykk. Kittil Haukjem (1771-1859) gjekk i lære hjå Kongsbergmålaren i 1790 åra og kopierte blomsterbarkokken i starten. Etter kvart fekk Kittil sit eige heilt spesielle uttrykk som vi skal sjå.

 

Også Flesberg hadde sine målarar som var sterkt influert av laugsmålarane på Kongsberg. «Høymyrmålaren» og «Landemålaren» dreiv handtverket sitt på slutten av 1700-talet og ein kan trygt seia at dei er inspirert av «Kongsbergmaleren» og hans skule. Eller kanskje skulle vi si hennar skule. Det er nemleg slik at Kongsbergmålaren kan vise seg å vera ei kvinne, enka etter Johan Diderisch von Dram, Kristen Pedersdotter heldt fram med måling lenge etter at ho vart enke, og lenge etter at svogeren Ezechiel døydde. Ezechiel som måla både i Veggli og Rollag kyrkje.

 

Folkekunsten i Numedal er karakterisert av mange ulike stiluttrykk både både innanfor treskjæring og dekormåling. Dei største stilskaparane, Iver Øvstrud, Tore Kravik, Kittil Haukjem og Sebjørn Kverndalen var tidleg i sine utøvande år sterkt inspirert av laugskunsten slik dei møtte denne på Kongsberg og i stavkyrkjene. Men fordi dei var frie frå laugets konvensjonar og pålegg kunne dei boltre seg fritt og eksperimentere seg fram til sine eigne heilt personlege uttrykk.

 

Kittil Haukjem var alt i 1790-åra ein stilsikker rokokkomålar som la seg nær opptil framstillingforma til dei profesjonelle målarane på Kongsberg. Men alt rundt århundreskiftet 1700/1800 finn vi døme på den stilen som Kittil skulle bli så kjent for. Han byrja å abstrahera blomane og akantusrankene. Han lot rankene krysse og overlappe kvarandre. Han var med dette truleg den fyrste i Noreg til å måla dei sokalla «smøygrosene». Og prof. Johan Meyer skriv dette i Fortids kunst i Norges bygder, Numedal 1 om stugo på Søre Eie frå Nore: "Her som på Dikemyr ser vi det naturalistiske islett trenge noget tilbake av akantusløvets mangfoldige varierte former. Men samtidig viser sig en begynnende overgang til den skjematisk håndtverksmessige utforming av blomstermotivene som litt senere ble optatt og videreført av Thomas Lurås i Tinn. Det blir da et spørsmål, som kanskje senere forskning kan besvare om ikke den eiendommelige Telerosing har sitt aller første utspring i de nevnte Numedalsarbeider".

 

Kristian Kildal som i 1960- og 1970-åra foresto «denne senere forskning» støtta Meyer i desse teoriane altså at telerosene hadde sitt opphav i Numedal. (Kjelde: Gry Ljøterud Andersen).

 

Les mer:

Nils Ellingsgard og Gry Charlotte Ljøterud Andersen: Rosemåling i Numedal. Dekorativ måling i folkekunsten. Oslo 2002.