Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

Sølvverkets innflytelse

 

Kongsberg var ingenting før Sølvverket. Det vil si det var skog, ei diger elv og spreidde gardar. Likt Numedal elles.

I 1624 var kom ein invasjon av tyske ekspertar på gruvedrift. Det kom skriveføre danske. Det dei trengte, hadde Numedal å tilby. Vi møtte altså for 400 år sidan framande kulturar, språk, musikk og anna. Vi reiste til Kongsberg på marken tre gonger i året. Dette måtte få følgjer.

 

Ein ungdom frå Flesberg varti 1770 åra slått ned på ein fest avdi han snakka tysk. Spelemenn i heile dalen fekk tinglsyte kontraktar med Stadsmusikanten på Kongsberg som ga dei løyve til å spela. Talentfulle dekormasjonsmålarar reiste til Kongsberg for å lære kunsten, drog så heim og forma det om til sitt og til det vi kallar rosemåling.

 

Gjennom Generalforstamtet lærte vi skogbruk. Skogane var så hardt hogne her at det kom tyske forstmestrar til Kongsberg for å sikre at skogane ikkje blei øydelagde.

 

Da Paul Steenstrup kom til Kongsberg att i 1805 ville han anlegge ein ljåfabrikk basert på ny kunnskap om stål han hadde erhverva seg i Østerike på ein studietur. Vi lærte å brenne kol av ekspertane på Kongsberg, sjølsagt for at Sølvverket skulle sikre seg det beste kolet.

 

Om bergverksseminaret står det ein stad at «Enhver altså der enten ved Kongsberk Sølvverk har været opdraget eller havt lyst og genier til bergsvidenskaber, søger baade hjemme og udenlands at egentlig lære det som kan give ham håb om paa Kongsberg at vinde sit Levebrød.» Vi veit at Tor Nattestad var på Kongsberg og reiste til Færøyane i 1770 åra for å bygge kolminer. Han såg muligheten som låg i Kongsbergmiljøet, utnytta det og tok med seg kunnskapen over Nordsjøen. Der vart han velhalden mann og stamfar dei store slekter.


I det heile tatt det å få ein så stor multikulturell by som Kongsberg inn i dalen hadde voldsom effekt på mange område. I Svene var det nok viktig å markera avstanden til byen for å beskytte seg mot det framande. Men oppover dalen var kontakten ikkje trugande, vi følte oss frie til å utnytte bymiljøet til vårt beste

 

(formidlet av Even Tråen).