Regionalpark Numedal - Landskaps- og ressurskartlegging

ditlev wibe og brørne hans

 

Even Tråen formidler:

 

Ditlev Wibe (1751-1834), født i Rollag, deltok i den fyrste trianguleringa (vinkelmålinga) i Noreg, frå Kongsvinger til Verdal. Hovudsakleg mellom riksgrensa og Glomma. Ditlev deltok saman med premierløjtnant Johan Jacob Rick (1749-1801). Dei to var handplukka til denne fyrste astronomisk-trigonometriske oppmålinga i Noreg i 1779. Desse to hadde fått opplæring i landmåling og triangulering av professor Thomas Bugge i Kjøbenhavn.

 

I 1788 gjekk Rick over i ei ny stilling og vart erstatta av Ditlev sin yngre bror Nils Andreas Vibe (1759-1814). (Han skreiv med enkel V som vi ser).

 

Eilif Peterssen: En Aften i Norske Selskab

En Aften i Norske Selskab

Maleri av Eilif Peterssen

Ein eldre bror av desse Johan, arbeidde hjå Caspar Wessel på landmåling i Danmark. Johan vart seinare kjent som forfattar og visediktar. Han var første sekretæren i "Det norske selskab" i København, jfr. Johan Herman Wessel i same selskap! Johan Vibe (1748-1782) er med i eit maleri (til høgre fremst) av Eilif Petersen med navnet "En Aften i Norske Selskab".

 

Brørne Wibe vaks opp på Mogen i Veggli saman med sju andre syskin. Faren, major Johan Christian Wibe (1716-1764) var offiser i "Det numedalske kompani". Mor deira var Anne Cathrine Pihl (1725-1773).

 

Ditlev vart seinare med på kysttrianguleringa frå Trøndelag til Stad frå 1785 av. Han vart generalkrigskommisær i Trondheim og også sekretær for "Det kongelig Norske Videnskabers Selskab" i Trondheim.

 

Og dette Glas, som Druen fylder

Tekst: Johan Vibe Melodi: Rødkleivløven (fra dikt.org)

 

Og dette Glas, som Druen fylder,
vort Selskab ham til Ære skylder,
hvem første Gang vi skue her.
Velkommen her til Friheds Sæde!
Velkommen til uskyldig Glæde!
det alle Brødres Ønske er.

 

Den skal sig ei blandt os fornøie,
som med skinhellighed i Øie,
i Hjertet nedrig Falskhed bær.
For hvo sin Ære ei forsvarer,
og svige kan sin Ven i Farer,
ei Udgang til vort Selskab er.

 

Vi elske Venner, ere glade,
og spilde ikke med at hade,
vort Liv, saa kort til Kjerlighed.
Vor Attraa er i Ungdoms Dage
at være muntre og behage,
og vores Lov er Ærlighed.

 

Her kan du Sande Venner finde,
hvis du dig ønsker dem at vinde,
hvis fælleds Glæde er dit Maal.
Lad i dit Glas da Druen springe!
høit med din Naboes Glas det klinge!
og drik saa dette Selskabs Skaal!